<body>
After-the-rain
The one
pick me up
Afterthe-rain

Jente 16, Bergen
MÅ HA: Mobilen, lommeboken min, venner, dataen, bloggen, Kurt Nilsen, fotokamera, msn, dusjen og sengen min.
KLARER MEG FINT UTEN: Sukkerfri brus, blomstrer som IKKJE vanner sjølv og BH-shopping (Det er eit mareritt!)

Fuck world peace, I want a Coca-Cola!! Neida...

Ukens sitat
Torsdag 21 August

The walls we build up to keep out the sadness also keep out the joy...

Arkiv
Tidligere innlegg

  • Eg treng virkelig psykologen min no...
  • Oppdatering
  • "Kanskje vi kan dra tilbake?"
  • Travel veke foran meg
  • Kvifor eg bloggar?
  • Giving it all away?
  • Eg er ikkje til å stole på
  • Nytt utseende...
  • Min sommer
  • Hiver ut eit innlegg
  • links
    i'm hooked

  • Yadda
  • Lunascura
  • Rebecca28
  • Nadir
  • Randi
  • LaxCat
  • tagboard
    chat me up


    Takk til
    Disse har hjelpt meg

    Bloggen er laget av meg med utgangspunkt i ein mal av: Lady-Nadya

    Sliten

    lørdag 16. august 2008

    Eg orker ikkje meir, eller egentlig gjer eg jo det, siden eg sikkert har sagt den linjen der sånn 100.000 ganger. Men poenget mitt er at å begynne på skulen igjen no blir slitsomt, og eg kjenner at berre tanken bryter meg ned. På torsdagen var det på ein måte ein forsmak på ein full skuledag for meg igjen, ikkje fagleg, men sosialt. Eg og nokre venner hadde bestemt oss for å reise innom ungdomskulen for å helse på gamle kjente. Men poenget var egentlig at eg gjekk og smilte heile dagen, 6 timar i strekk, noko eg aldri har gjort i sommar, då har eg smilt når eg har følt for det, og ikkje ellers. Etter ein dag med smiling i 6 timar er eg totalt utslitt når eg kjem heim, då dett eg sammen for den minste ting. Plutselig syns eg ikkje sommmarferien har vore så verst likevel. Eller jo, for då kom det mange ting oppå kvarandre, og om dei hadde kommt når det var skule anar eg ikkje korleis ting hadde gått, fordi eg overreagerer ting når eg er sliten. Ikkje at det har noke og sei no. Men poenget mitt er at eg ikkje orkar meir skule, spesielt no som eg må opp før klokka 6 og ikkje er heime igjen før klokka kvart over tre om dagane. Eg kjem ikkje til å klare å ha noko særleg til sosialt liv utenfor skulen, noko eg egentlig ikkje har klart siden 8 klasse. Om folk vil ha meg med på noe må dei spørre meg mange dagar før, fordi eg må forberede meg på å smile nokre timar til den dagen. Eg vil liksom ikkje vera den jenta som aldri blir med på noe spontant, for eg er egentlig veldig spontan når det gjelder ting som bare handler om meg. Kan finne ut at rommet mitt er kjedelig, og då er det ommøblert før det er gått ein halv time. Etter skuledagane er eg så sliten at tanken på å gå ut er frastøtende (og nei, det ordet var faktisk ikkje overdrevet, for det virker slik), så eg seier heller nei enn å finne på noe, fordi eg orkar ikkje tanken på enda fleire timar med smil, latter og overivrighet frå min side (og ja, det er sånn eg er når eg ”ikkje” er deppa), å være den personen som folk trur eg er.
    Etter skulen er eg så sliten at eg omtrent berre klarar å ligga å sjå på tv og sitte på dataen, og om noken seier at eg burde gjere noko anna bryt eg berre saman. Eg orkar ikkje trening, men eg går no likevel på håndballtrening sjølm om det er det siste i heile verden eg ville gjort. For om eg ikkje gjer det får eg ikkje spelt, ikkje trent og ryktene hadde begynt og gå med ein gong, for alle veit kor interessert er er/har vore i håndball. Det må vel egentlig bli at eg er interessert, for eg elsker jo sporten. Men enkelt og greit så taklar eg ikkje ”folk” etter ein skuledag der eg har lata som.

    Legg gjerne igjen kommentar
    23:27
    1 comment(s)